Personutforsker

Velg en person

Magne Hådem - født i 1924


Beskrivelse

Magne er 16 år når krigen bryt ut. Han bor i Åbjør, og i februar 1943 kjem innrulleringa til arbeidstenesta også for dei som er fødde i 1924. Påbodet gjeld no og for Magne, som er vorten 19 år. Ifølgje annonsen skal han melde seg hjå sin rodeforstandar.
Han veit knapt nok kven det er, men lyt vel prøve å finne det ut. Han har sett så tydeleg kva denne nye tida har ført med seg, at han har mest lyst til ikkje å møte opp. Kva straffa for dette er, veit han ikkje, men det er tydelegvis straffbart å ikkje melde seg.

Lite motivert ruslar han likevel av garde til Fagernes ein dag. Han tek med seg legitimasjonskortet sitt og blir innskriven hjå rode-føraren sin. Han vil få innkalling til sesjon på eit seinare tidspunkt, blir han fortald. På turen heimover får han god tid til å tenkje over om det er dette han vil. Inni seg kjenner han allereie ein sterk motvilje mot å vera med på det han no ser starten på. Han skulle så gjerne ha kome seg vekk frå dette her, men han veit berre ikkje korleis. Kva slags straff som då vil bli reaksjonen, veit han heller ikkje. Dei nye styresmaktene har i det heile lett for å idømme strenge straffer. Kanskje er det mange års fengsel eller rett og slett
dødsdom for ikkje å gjera si teneste for landet. Medan han går på heimvegen over Faslebrua, kjenner han trassen vekse i seg, samstundes som det heng ei usikkerheit over han. Snoa og kulda svir i ansiktet i det han passerer elva. Han kjenner det særleg på fingrane sine kor kaldt det er i dag. Helst skulle han hatt seg eit par nye vottar. Desse han no går med, blæs det tydelegvis tvers gjennom. Han har høyrt at det skal vera fiskeskinnsvottar å få kjøpt i butikkane. Dei kan til og med kjøpast utan rasjoneringskort, - førebels. Fiskeskinn har også vorte brukt til å laga sko og skosolar av, har han lese i avisa. Drivreimar til maskiner er og produserte av fiskeskinn. Det finst visst nesten ikkje grenser for kva som kan lagast på nye måtar, ser det ut til.
Det er vorte våren 1943. Tre år har gått sidan krigen kom til landet. No begynner han kanskje å snu. Tyskarane har lidd store tap ved Stalingrad og er plutseleg på vikande front. Dette skapar optimisme hjå dei fleste nordmenn.
Ein dag kjem det eit brev til Magne. Stempelet syner at det kjem frå Oslo. Det er ikkje ofte han får brev, så dette gjer han nysgjerrig. Dei gode forventningane til kva dette kan vera, blir fort borte då han les brevet. Han er innkalla til sesjon for arbeidsteneste, såkalla samfunnsnyttig arbeid for fedrelandet. Frå andre har han høyrt at dette arbeidet og inneheld ganske mykje anna, - mellom anna ein god del indoktrinering av nazistiske ideologiar. Foreldra les også brevet. Kan han berre la vera å møte opp på sesjonen? Han nemner dette til far sin.
- Nei, du lyt no vel i det minste møte opp der, meiner faren. -So får du sjå kva dette går ut på. Kanskje kan du søkje om utsetjing?
....................................
Sumaren 1943 går sin gang. Dei flytter på stølen og gjer onna som vanleg. Magne går stadig og ventar på ny innkalling til arbeidsteneste, men ingen brev dukkar opp. No nærmar det seg tida då innkallinga til vintertenesta burde ha kome. Magne har prata med nokre av dei andre som snart skal av garde på den tenesta. Dei var på same sesjonen, men så langt har heller ikkje dei fått noko brev.

Det går nok ein gong mot haust og vinter. Den fjerde krigsvinteren. Men det er stort sett roleg no. Tyskarane køyrer rett nok forbi oppe på hovudvegen iblant, men det er ikkje lenger den same uroa med det. Folket har vant seg til det etter kvart, men lurer stadig på kor lenge dette skal vare. I byane manglar dei mat. Mange svelt og prøver å sende ungane sine ut på landet for at dei skal få meir næringsrik mat. Her i bygdene, særleg på gardane, har dei for det meste det dei treng av mat, sjølv om det ikkje er noka overflod.

Ein dag sist på vinteren kjem innkallinga likevel i posten. Han skal møte til arbeidsteneste på Dokka måndag den 22. mai 1944.1 brevet får han opplysningar om at han kan køyre gratis med tog eller rutebil ved å vise fram innkallinga. Vidare står det at det er forbunde med straffeansvar å ikkje følgje ordren om å møte opp! Samstundes kjem han på at dei som skulle ha vore ute til vinterteneste, enno ikkje har fått innkalling. Hadde han vore blant dei, kunne han ha sloppe dette her. Han forbannar heile systemet og ikkje minst denne nazisten som han oppsøkte, og som neppe gjorde noko for å hjelpe han. Det er freistande å rive sund brevet eller berre putte det i omnen, men han besinnar seg. I så fall lyt han også betale reisa sjølv, viss han likevel bestemmer seg for å møte.
Dagen etter kjem Knut Solhaug inn. Han er jamgamal med Magne og bur lenger oppe i bygda. Han har også fått innkalling til same tid og stad. Knut tek fram nokre papir som han vil vise fram. Men det er ikkje innkallinga. Det er eit brev av ein heilt annan type han sit med der i handa. Brevet er ei oppmoding frå Heimefronten, særleg til dei som no er kalla inn til tysk arbeidsteneste.
Dei bør ikkje møte opp, står det. Heimefronten er vorten sterk og godt organisert, men treng likevel fleire til å vera med i motstandsarbeidet. Brevet er ikkje adressert til Knut, og det er heller ingen signatur i det. Dei får gode råd om kva dei skal gjera: Pakk ein ryggsekk med klede og mat for ei heil veke og stikk til skogs. Det vil deretter bli sendt ut agentar som vil koma i kontakt med dei og få dei inn i ordna, militære forhold.
- Men kan me stole på dette då, undrar Magne. - Korleis har du fått fatt i brevet? Knut seier at det berre låg ute ved døra ein morgon. Han veit ikkje kven som kom med det, men det er tydelegvis nokon som veit at han er i rette alderen for å bli kalla inn til teneste. Dette ser freistande ut. Kanskje dette er løysinga. Men dei veit likevel ikkje om dei heilt kan stole på det. Dei kjenner ingen såkalla agentar og har heller ikkje kontakt med Heimefronten. Rykta går om at Heimefronten no begynner å bli stor og godt utbygd, men ingen har sett noko til han, og ingen veit heilt sikkert kva som er sant. Alt er kanskje berre rykte, og er det noko som ikkje blir rasjonert no for tida, så er det i alle fall rykte. Dei håpar likevel at dei kan stole på det papiret Knut har i handa.
- Kva var det han Knut ville, då? Det er mora som spør etter at Knut har gått. Magne fortel at Knut også skal møte på Dokka måndagen om ei veke. Ho kunne kanskje ha uttrykt glede over at dei no skal vera to i lag, men ho seier det ikkje. Ho vil ikkje sende den nest minste av gutane sine ut, verken i krigen eller i arbeid for tyskarane. Dette kan ho trass i alt ikkje bestemme over. Ho må berre godta det, anten ho vil eller ikkje.
Helga nærmar seg. Det blir stillare i heimen allereie før han Magne reiser. Det er ikkje så mykje som blir sagt, men alle tenkjer sitt. Særleg far hans seier lite. Det ser nesten ut til at han gruar seg meir enn Magne sjølv.
Ryggsekken blir pakka i god tid. Han finn fram dei solidaste kleda sine og puttar dei i sekken. Sundags morgon står sekken klar. Det er avtala at Knut skal koma på ettermiddagen. Sist på dagen står han klar med sykkel og ryggsekk. Magne tek farvel med sine. Hendene møtest i varme og kraftige handtrykk. Dei held kvarandre litt ekstra lenge i handa denne gongen. Han får klem av mor si og av systera Margit. Mora står der med tårer i augo, men ho prøver å ikkje vise det.
Faren klappar han på skuldra for siste gong og seier: - Ja, no får de vera forsiktige då, karar! Knut og Magne trillar syklane opp til hovudvegen før dei set seg på. Nede ved inngangen står det to foreldre og to sysken som vinkar farvel, medan syklane tek til å trille nedover mot Leira.
Dei vil også gå innom på nørre Håe, der far til Magne er frå. Der tek dei farvel og får lukkeynskingar med seg. Alle ser ut til å ta det tungt og alvorleg, bortsett frå han far sjølv på garden. Henrik står der med eit lite smil om munnen og ser nesten fornøgd ut. Kva er det han tenkjer? Dei går att og syklar bort til vegen. Der stoppar dei opp for å ordne litt på bagasjen sin. Medan dei står slik, ser dei at Henrik også kjem ruslande roleg etter dei. Dei set seg raskt på syklane att og syklar nedover mot Leira stasjon. Men like før Faslebrue hoppar dei av og trillar syklane sine sørover i skogen. Eit stykke inni der gøymer dei syklane under nokre mindre grantre. Dei går så vidare innover i skogen nedanfor den garden dei nettopp var innom. Dei går varsamt for ikkje å laga for mykje lydar. Då dei skal krysse hovudvegen, stoppar dei opp ei stund og lyttar om det kjem nokon. Ingenting er å høyre, og dei byksar seg fort over vegen. Dette er ikkje så langt frå heimeplassen til Magne, så her er han godt kjend. Her er det mange stigar, og dei finn snart ein som fører dei oppover mot heimstøltraktene.
Lenger oppi lia ligg det framleis att snø i skogen. Dei går svingar utanom for ikkje å setja spor. Ingen skal kunna finne dei berre ved å følgje spora i snøen.
Seint på kvelden kjem dei endeleg fram til målet sitt i Djupedal. Det er heimstølen til Magnus Brattebråten. Han har gjeve dei lov til å bruke han. Kanskje var det også han som la brevet frå Heimefronten ved døra til Knut. Dei veit det ikkje, men usannsynleg er det ikkje. Ryggsekkene kjem i hus, og dei pakkar ut det som er oppi. Men det blir ikkje gjort mykje anna denne kvelden. Dei legg seg snart, trøytte og slitne av turen. Knut lurer på om alle no verkeleg trur på det dei hadde sagt til sine. Ingen av dei hadde sagt noko anna enn at dei ville sykle nedover til Dokka. Sjølv om dei ikkje skulle møte der før måndags morgon, var det ingen som undrast over at dei drog allereie kvelden føreåt. Det såg rett og slett ut til at alle trudde på dei, ja, bortsett frå han onkel Henrik på Håe. Han såg noko lur ut og hadde nok skjønt kva dei spekulerte i. Men han sa ingenting. Kanskje var det difor han kom etter dei. Tryggast var det nok at ingen visste noko.

"Skutt blir den som...." av Ola Terje Hådem.

Hendelser til personen

TittelDatoLenke
Rekognosering og få oversikt over hele BA I. 4.2.451945-02-04Se mer
AM 231 Soe Operation CRUPPER XVI 1 Golden Eagle1945-02-20Se mer
AM 231 Soe Operation CRUPPER XVI 2 Golden Eagle1945-02-25Se mer
Klargjøring til kurs på Helgedamseter 5.3.451945-03-05Se mer
Kurs # Helgedamseter, stridskurs og sambandskurs 6.3.451945-03-06Se mer
Kurs # Risby husmorskole 12.5.451945-05-12Se mer
Kurs # Paulsrud Eina. Samband 12.5.451945-05-12Se mer
Kurs # Paulsrud Eina ca 12.6.451945-06-12Se mer

Galleri


Nyttige lenker

TittelLenke
Beretningen om BreiesleirenSe mer
Opprop om arbeidstjenesten fra HjemmefrontenSe mer
"Skutt blir den som...." av Ola Terje Hådem. Se mer