SV "Lady Nancy" til Grimsby
Beskrivelse
«LADY NANCY»,
seglbåt, drog frå Kolbjørnsvik, Arendal 28. mai 1940 med fire personar og kom til Grimsby 3. juni.
Eigar av «LADY NANCY» var Reidar Stray, Arendal. Han fekk ein dag besøk av 3 mann som ville låne ei fokk av han. Stray forstod kvar dei hadde tenkt seg og sa dei heller kunne få båten, men då ville han sjølv vere med. Dei drog vestover langs kysten, fekk rusket ver og oppdaga at båten lak som ein sil når han vart pressa ned. Dei la seg inn til ein holme og børja å dytte tau-filt inn mellom borda med kjøkenknivar. Sette så til havs, men måtte liggje på veret ei tid. Deretter roa det seg og det vart blikstilt hav. Seinare friskna det til og dei fekk strykande bør. Langt til havs vart dei observerte av tysk bombefly. Nordmennene heiste flagget, la ein spinnaker-bom på tvers og feste ein del fiskesnøre i han.
Då flyet suste over, hadde dei fått første makrellen og veifta med han mot flyet. Det sirkla rundt ei stund, men braut av og drog inn mot kysten.
Innunder land på hi sida av havet vart dei tekne på slep av ein britisk trålar
og førte til Grimsby.
Desse personane var med:
Reidar Stray, Arendal
Fredrik Aaraas, Søgne
Ein styrmann frå Fredrikstad
Ein mann frå Nordland.
Fra Sted
| Tittel | Lenke |
|---|---|
| Kolbjørnsvik | Se mer |
Til Sted
| Tittel | Lenke |
|---|---|
| Grimsby | Se mer |
Deltakere
| Navn | Lenke |
|---|---|
| Reidar Stray | Se mer |
| Johan Fredrik J Aaraas Fenrik ✝ | Se mer |
Transportmiddel
| Navn | Lenke |
|---|---|
| SV "Lady Nancy" | Se mer |
Nyttige lenker
| Tittel | Lenke |
|---|---|
| Englandsfarten 2 Ragnar Ulstein "Lady Nancy" | Se mer |