MK X59 MK ARON H-48-AM
Beskrivelse
Ombord på lokalbåten til Fedje hadde ei ung jente "hengt" Hitler på et avisbilde fra Bergens Tidende.
En ussel "nordmann" hadde tatt avisen etter at de var gått av og meldt dette til tyskerne. Gestapo og lensmann på døra.
Hun fant fort ut at hun måtte rømme, lensmannen advarta om at tyskerne ikke var ferdig med saken. Det førte til at hele familien drog.
" Ho hadde forbrote seg nokså stygt. Om bord i rutebåten hadde ho rive sund ei avisside med Hitlers bilete, og gjort det slik at folk forstod kva ho meinte med det. Ho hadde klipt hovudet av Hitler. Kort etter var gestapofolk komne på huset lor å krevje henne til rekneskap. Ei norsk sjel hadde sladra.
Borghild dikta om historia så godt ho kunne, og gjorde det så bra at dei tok henne ikkje med. Dei skulle vel leggje forklaringa fram for angivaren.
Men nå trudde ingen i familien det varte lenge før både den eine og den andre vart henta. Eit par dagar etter at Gestapo hadde vore andre gongen hos Olaf, kom broren Mikal og fortalde at ein båt låg klar i Rongevær og at dei alle kunne få reise med den til Shetland. Det verka som ein skuv i ryggen, og dei var ikkje
seine om å pakke i hop! Same kvelden rodde dei over fjorden med koner og born og alt pargaset, dei såg seg knapt attende då husa seig ned under kollane. Men då dei kom fram, fekk dei vite at båten — ein gavl båt som heitte «Aron» — ikkje var sjøklar ennå. Så måtte dei ro heim att. Det var ikkje lett det heller. For dei hadde fortalt grannane at dei kom til å vere borte nokre dagar. Dei lurte seg heim over markene, smatt inn i stovene, men våga korkje å tenne lys eller leggje i omn.
Dei fekk ordna med «Aron» sør og forbi Hellesøy på Hernarlandet og la seg til i ein våg eit par timar for å vente på meir folk. Og dei kom. Ein av dei var Harald Langøy, bror til Hilmar. Han var sleppt fri mot meldeplikt. Og der kom ein annan ungdom om bord, Johannes heitte han, han kom stilt og roleg i heimekloggane og sette seg til. Då dei la frå land, var han der framleis. Dei vona han hadde tenkt seg om. Johannes gjorde teneste på ein minesveipar resten av krigen."
Les mere i Englandsfarten 2, under side 77.
Se også kortfilmen med sønnen Erling på NRK under.
M/B «ARON» — H 48 AM —
Drog 16. mars 1941 frå Fedje med 14 personar, av dei 2 kvinner og 1 barn, og kom fram til Lerwick 18. mars. Ferda var organisert av dei som var med og med god hjelp av Ole Olsen, Hernar.
Skipper på overfarten var Olaf Langedal, som saman med brørne
sine var komen i søkelyset etter at dei hadde assistert Hilmar Langøy då
han kom inn frå Shetland på ein av turane hausten 1940.
Desse personane var med:
Olaf Langedal, kona
Hanna Langedal og sønner Odd og Per og dottera Else, alle Fedje
Johannes Hernar, Hernar
Olav Kongestøl, Fedje
Borghild Langedal, Fedje
Knut Langedal og broren
Erik Langøy, Langøy
Harald Langøy, Langøy
Karl Rongevær. Rongevær
Lars Ragnvald Sætre, f. Åresvåg 1921
Anker Sævrøy, Fedje.
Les mere i Englandsfarten 2, under side 303.
Fra Sted
Tittel | Lenke |
---|---|
Fedje | Se mer |
Fra Base
Tittel | Lenke |
---|---|
Lerwick SHGJ | Se mer |
Deltakere
Navn | Lenke |
---|---|
Olaf Langedal | Se mer |
Borghild Langedal | Se mer |
14 flyktinger Fedje | Se mer |
Erik Langøy | Se mer |
Harald Langøy | Se mer |
Johannes Hernar | Se mer |
Fremdrift
Navn | Lenke |
---|---|
MK "ARON" H-48-AM | Se mer |
Galleri
Nyttige lenker
Tittel | Lenke |
---|---|
IMDB Borghild og lille Erling | Se mer |
NRK Kortfilm: Borghild og lille Erling 2025 | Se mer |
Englandsfarten 2, side 77 og 303. | Se mer |