Gudstjeneste på Helgedamsseter 23.3.45
Beskrivelse
Fredag 23 mars 1945 er det skyting til skarpskytarmerket. Det er skyting fra ståande og fra liggjande stilling. Det er avgrensa kor mykje øving kvar og ein har hatt, men mange greier likevel krava til merket. Ingen får utdelt noko merke no, — det vil vera for risikabelt å ha på, seg. I tolvtida er skytinga avslutta, og alle mann dreg tilbake til hovudbasen pa Helgedamseter.I seterbua sit det ein kar som søraurdølane dreg kjensel på. Sokneprest Riise-Hansen fra Begnadalen er komen på besøk. Dei lurer brått på om det kan ha hendt noko alvorleg med Bjørn, men det er heldigvis ikkje difor presten sit der. Han et middag i lag med karane, før alle blir beordra til hovudoppstilling ute på tunet.
Løytnant Staal kommanderer: — Rett!, og karane står med eitt oppstilte på fire linjer. Nokre har kvite forsvinningsdrakter på medan andre står der i uniformene sine. Som vanleg har alle våpenet sitt hengande over ryggen. I det karane har innteke grunnstillinga, kjem presten ut fra seterbua. Men no har han fått på seg den svarte prestekjolen og den kvite kragen. Under kjolekanten stikk dei brune skiskoa så vidt fram.
Staal fortel at presten er komen hit inn for å halde ein liten andakt for karane. Deretter ber han dei om å setja seg på krakkane som er borne ut. Dei fleste får plass og set seg stille ned. Messa startar med ein kjend salme: "Alltid freidig
når du går". Den unisone songen frå dei kraftige mannsstemmene tonar langt innover skogane. Presten held så ei preike om kva slags situasjon desse karane er i. Om kva dei ofrar, og om kva der yter av innsats til beste for fellesskapet. Han veit kva slags farlege tilhøve dei lever under, og kva som kan vera følgjene av det.
— Om de lever gøymt, sa er de ikkje gløymde. I kyrkjene tek me dikkan med oss i våre bøner opp til Gud. Han er med dikkan også i dei vanskelegaste stundene i livet.
Det gier inntrykk på karane nâr han fortel dette. Så er det altså nokon som tenkjer pa dei og ber for dei. Karane som står der med skarpladde børser pa ryggen, tek imot denne støtta. Her står dei væpna for å beskytte seg og sine, men mannen som står framfor dei, er heilt uvæpna. Berre ordet er hans våpen. Desse spesielle orda som kan vera trøyst, og som kanskje kan hjelpe når livet er stritt. Salmesongen tek til att. Dei kjende tonane strøymer utover, nokre er kan hende litt skjelvne i stemma denne gongen. Presten avsluttar
med det gamle og kjære ynsket "Gud bevare Kongen og Fedrelandet!".
Tilbake kjem eit rungande "Ja" til svar. Staal går fyrst fram og takkar presten for dei gode orda. Deretter kjem ein og ein av karane og handhelsar. Presten tek dei i handa og ynskjer lykke til med oppgava som ventar dei, og håpar på gjensyn. Den mest spesielle gudstenesta dei har opplevd, er over. Medan karane ber sitjekrakkane inn att i seterbua, tek presten av seg prestekjolen. Han rullar kjolen forsiktig saman og puttar han ned i ryggsekken sin. Så vinkar han adjø og ruslar av garde på skia sine.
Men etter han ligg det att ei stemming av håp og mot hjå kvar enkelt som høyrde på.
Neste dag lørdag 24 mars knitrar det fra maskingevær og bombekastarar. Denne gongen er det inga lyddemping på skytinga. Det er siste kursdagen, og den skal avsluttast med så realistiske øvingar som mogleg.
Til Sted
Tittel | Lenke |
---|---|
Helgedamsetra - Verdens ende | Se mer |
Deltakere
Navn | Lenke |
---|---|
Torbjørn Riise-Hanssen | Se mer |
Galleri
Nyttige lenker
Tittel | Lenke |
---|---|
Skutt blir den som.... Ola Terjde Hådem s 150 | Se mer |
Dagboknotater om gutta i Buvassfaret | Se mer |